Lokalnytt

Naturskule for mellomsteget

doc_2843_2

Fredag drog mellomsteget ved Sunnylven skule til Hellesylt Bygdetun. Dit var 28 elevar og lærarar invitert av dagleg leiar ved bygdetunet Marit Ljøen.

I Hellesylt Bygdetun delte elevane seg i fire grupper. Her skulle spørsmål svarast på og det vart laga ting av det som veks i naturen. Etter kvart vart det både vidjespenne, seljefløyter med så god lyd at nokre få regndropar kom, og inne i det gamle våningshuset vart det fortalt om konstruksjon og byggeteknikk i eldre tid.

I ein konkurranse der ting i Bygdetunet var avbilda og beskrive, skulle elevane finne ut kva namnet på gjenstanden var.
Ei naturstiløype avslutta skuledagen etter at niste og sveler var innteke.

-Tur til bygdetunet er ikkje fast for elevane ved Sunnylven skule, men i år vart vi invitert og då takka vi sjølvsagt ja. Dagen her er også ei lita erstatning for at det ikkje klaffa med veret og skidag i vinter-, fortel lærar Arne Ringdal.

Her skal konkurranse besvarast.
Her skal konkurranse besvarast.
Lagar seljefløyte.
Lagar seljefløyte.
-
-
-
-gdetu

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380