Ny storsiger til damelaget

doc_2852_2

Sunnylven/Stranda vann damekampen 12-1 mot Bergsøy på Stranda stadion onsdag. I storsigeren skåra Kirsti Frøysadal Hauge sju av måla.

Kampen mellom Sunnylven/Stranda og Bergsøy vart aldri spanande. Til det var heimelaget alt for gode, eit lag som til tider rundspela motstandaren og viste stor fotball.

Alt etter tre minutt låg første ballen i nota bak Bergsøy sin burvaktar. Og minuttet etter stod det 2-0, begge signert Kirsti Frøysadal Hauge.
Godt samspel mellom dei raude og blå heldt fram heile omgangen og tre nye skoringar kom det siste kvarteret frå målmaskina Kirsti. Ei redusering til Bergsøy før kvilen gav 5-1 leiing for heimelaget til kvilen.

I andre omgang heldt Sunnylven/Stranda det intense trykket oppe og såg ut til å spele Bergsøy-forsvaret svimle til tider. Spelarane viste kvalitetar på mottak, driblingar og overblikk på samspel som ein sjeldan ser i 3. divisjon. Nær femten hjørnespark til heimelaget mot to til gjestane fortel vel det meste.

Vi let oss imponere over Sunnylven/Stranda der Bergsøy, som ikkje hadde tapt i serie i år vart statistar i store deler av kampen.
I tillegg til to nye skåringar av Kirsti Frøysadal Hauge donka Ellen Marie Hole inn tre, Marthe Slettebak og Inga Elise Nybø Vik eitt kvar.
Dermed siger 12-1 til Sunnylven/Stranda over Bergsøy.

Domar Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL beheldt alle kort i lomma i kampen, men måtte gje tilsnakk til ein litt frustrert Bergsøy-trenar.

Resultat damer 3. divisjon:
Herd – Spjelkavik 3-1
Langevåg – Volda 2. 1-2
Sunnylven/Stranda – Bergsøy 12-1 (5-1)

Mål Sunnylven/Stranda:
Kirsti Frøysadal Hauge: 3. 4. 31. 37. 43. 74. 82.
Ellen Marie Hole: 66. 77. 89.
Marthe Slettebak: 78.
Inga Elise Nybø Vik: 87.

Sunnylven/Stranda:
Christina Holmberg, Linda Vågsæter, Sandra Kammen, Lena Gjærde, Anniken Hjellbakk Hole, Eline Langlo, Marthe Slettebak, Ellen Marie Hole, Jannicke Gjerde, Kirsti Frøysadal Hauge, Linn Kammen.
Nytta innbyttarar:
Gro Mari Langleite, Anne Lise Lødøen Helset, Tina Elisabeth Jøsok, Inga Elise Nybø Vik.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380