Show med komikar Roar Brekke

Moromannen Roar Brekke, Odda kjem til Hellesylt 19. mai.

Moromannen Roar Brekke, Odda kjem til Hellesylt 19. mai.

Roar Brekke frå Odda, komikar og askeladd med talent både for disco og salsadans kjem til Hellesylt laurdag 19. mai.

Roar Brekke har gjort kropsspråk og herlege observasjonar til sitt varemerke.
No reiser han rundt og feirar 15 år som moromann med utdrag av det beste frå scena.

Langt over 1000 opptredenar har det blitt gjennom desse åra, på kulturhus, oljeplattformer, hotell og utestader over heile landet.

I Sunnylven samfunnshus byd Roar Brekke på det beste av det beste frå tidlegare show, i høgt tempo og med herleg sjølironi.
Laurdag 19. mai bør mange ta turen til samfunnshuset for å få oppleve moromannen frå Odda, meinar arrangør Hellesylt UL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380