Lokalnytt

SPAR Jentebølgja lokalt

Unge deltakarar frå Sunnylven underi ei regnvåt Jentebølje i Ørsta 2010.
Unge deltakarar frå Sunnylven underi ei regnvåt Jentebølje i Ørsta 2010.

Mosjonsløpet SPAR Jentebølgja er for jenter i alle aldrar. Den 5. km. lange trimmen blir arrangert fleire stade i mai og juni, også lokalt i Sunnylven.

I fjor vart ein kopi av Jentebølgja arrangert lokalt av SIL trimgruppa og Sunnylven sanitetslag med god deltaking og stor aldersspredning. Yngste deltakar var tidleg i tenåra medan eldste var pluss 80. Også i år blir det lokal trim 6. juni, opplyse same arrangør.
Det blir start frå Hellesylt stadion kl. 17.00, vidare opp til Stadheim og tilbake.
Ta med deg mor, veninne, dotter eller tante til ein ettermiddagstur i eige tempo.
Ingen startkontingent, og det veert servert frukt og drikke etter ”løpet”.

Ørsta IL skipar til SPAR Jentebølgja regionalt 8. juni med start i Vikegata i Ørsta sentrum. Om ein ønskjer på delta de, meld deg på www.sparjentebolgen eller ta kontakt med Ruth Hole Aaland, tlf. 97 70 61 27.
Bli med og delta, enten lokalt eller andre stader. Alle får premie, Jentebølgens medalje når ein kjem i mål.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380