11. april 2026

Stor dag på Hellesylt

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad foretok den offisielle opninga av Hellesylt kai. (Foto: Lars O. Fivelstad)
Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad foretok den offisielle opninga av Hellesylt kai. (Foto: Lars O. Fivelstad)

Nasjonaldagen på Hellesylt fekk ekstra merksemd i år. I tillegg til tradisjonelt og godt program for 17. mai, var det storslagent åpning av den nye Hellesylt kai. NRK 1 TV hadde fleire innslag frå Hellesylt og kaiopninga 17.mai.

Rundt klokka ti kom Empress, det aller første cruiseskip i år til Hellesylt med 1800 passasjerar om bord. Utan vanskar av noko slag la det 210 meter lange skipet til Hellesylt kai. Det ruva godt, store bygg på land vart små.
Høgt vaia faner og flagg og stemninga var storslagen då folketoget frå kyrkja marsjerte inn på den nye kaia til tonar frå Sunnylven skulekorps og Sunnylvsmarsjen.
Der venta fleire hundre cruisepassasjerar som fekk oppleve den spesielle norske tradisjonen der store og små festkledde går i tog. Spesielt vart norske bunadsdrakter flittig fotografert.

Hellesylt kai er stor og verkar vere ein solid konstruksjon. Eit godt stykke arbeid der mellom anna dekket er flott avpussa så det verkar nesten som marmor.

Under opninga var det taler av hamnesjef Rita Berstad Maraak som helse på fleire språk, og av styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen.
Plasseringa av kaia på Hellesylt var i senter av eit stort turistomland, noko som mange ville få nytte av, trudde Dalen. Kaia ville bety mykje for næringa i regionen, men på sikt også for andre som til dømes utskipingshamn for tømmer.

Å kunne opne cruisekai på Hellesylt var ein merkedag, sa ordførar Jan Ove Tryggestad. Han håpa kaia ville vere til nytte og gje positive ringverknader til fleire.
Deretter foretok Tryggestad den offisielle opninga med å kutte silkebandet i nasjonalfargar med tollekniv.

Kapteinen på cruiseskipet Empress fekk overlevert plakett som det første skipet til Hellesylt kai. I tilegg fekk han både blomar og ei bokgåve frå vertskapet.

Mange av cruisepassasjerane skulle køyre den klassiske turen ”over land”, om Stryn, Grotli til Geiranger. Den kunne ikkje gjennomførast då vegen over fjellet framleis er vinterstengd.
I staden var fleire med på den vidare turen til folketoget på Hellesylt. Andre fann vegen til souvenirbutikkar, eller til Hellesylt bro og Hellesyltfossen som viste seg stor og fotogen.
Små norske flagg og 17. mai-sløyfer var populære minne for passasjerane på Empress og skifta eigarar i løpet av besøket. Men med opning av ”nyekaia” og 17. mai er alle litt rause.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak bar fram helsinga si på mange språk
Hamnesjef Rita Berstad Maraak bar fram helsinga si på mange språk
Styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen.
Styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen.
Kapteinen på Empress fekk favnen full av gåver og blomar.
Kapteinen på Empress fekk favnen full av gåver og blomar.
Empress ruva godt, men seinare kjem det enno større skip til Hellesylt kai.
Empress ruva godt, men seinare kjem det enno større skip til Hellesylt kai.
Hellesylt barneleikarring underheldt og vart flittig fotografert.
Hellesylt barneleikarring underheldt og vart flittig fotografert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →