Sunnylven med ny bortesiger

Sunnylven sitt herrelag vann 1-0 då dei møtte Tjørvåg på bortebane måndag. Målskorar var Hans Kristian Hjellbakk Hole.

Sunnylven fekk store problem med å stille lag til bortemøtet mot Tjørvåg. Fleire forfall grunna sjukdom, skadar og reise gjorde at oppmann Gisle Aaland stod med ti aktuelle spelarar. Tjørvåg ville heller ikkje flytte kampen til dagen etter.

-Vi reiser og spelar kampen, eg tek med meg fotballskoa, sa trenar Jens Arve Forbord. Slik blei det og med eit godt resultat.

Kampen i Tjørvåg var jamn og begge lag hadde sine sjansar. Sunnylven spela ein god første omgang og kunne ha skora, men omgangen enda 0-0.
Lenge såg det ut til at også andre halvdel skulle bli mållaus, men etter 81. minutt kom Hans Kristian Hjellbakk Hole fri og donka ballen i mål. 1-0 til Sunnylven stod seg ut og dermed tre nye poeng på bortebane, ein fortent siger blir det rapportert.

Etter tapet mot Åmdal var sigeren måndag kjærkomen. Spesielt gledeleg at alle viser stor innsats etter som mannskapsmangelen var betydeleg denne gongen.

6.div. avd. 1.
Tjørvåg – Sunnylven 0 – 1 (0-0)
Mål Sunnylven: Hans Kristian Hjellbakk Hole (81)

Sunnylven:
Eirik Stenberg, Leif Rune Tryggestad, Helge Tryggestad, Per Ove Frøysa, Robert Tryggestad, Bård Forbord, Eivind Louis Helset, Kamik, Jens Arve Forbord, Henning Frøysa, Hans Kristian Hjellbakk Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380