Lokalsport

Tap mot Hareid 2.

Sunnylven tapte mot Hareid 2. på bortebane 5-1 laurdag. Det stod 3-1 til heimelaget ved pause.

Sunnylven slit med mannskapsmangel i seriekampar for tida. Mot Hareid 2. hadde laget 11 spelarar og ingen på innbyttarbenken. Det merkast på spel og innsats gjennom 90 minutt.

Sunnylven stilte til bortekamp på ei vinterleg kunstgrasbane på Hareid som måtte ryddast for snø før kampstart. Domaren vurderte avlysing, men begge lag var klare for å spele kampen, og slik blei det. Etter kvart vart forholda bra.

Sunnylven tok leiinga 1-0 i første omgang. Målskårar var Henning Frøysa. Deretter vart det Hareid 2. som banka inn tre mål til pause.
I andre omgang vart det to mål til og Hareid 2. vann kampen 5-1.
Ingen god kamp av Sunnylven og litt forsiktige i duellane. Laget hadde like mange målsjansar som Hareid 2., men makta ikkje å gjere dei til mål i motsetning til heimelaget.

Til neste seriekamp borte mot Moltu/Gjerdsvika måndag 14. mai håper leiinga at spelarstallen nærmar seg normalt antall og at spelarane prioriterer kamp for å kapre nye poeng.

6. div. herrer avd. 1.
Hareid 2. – Sunnylven 5-1 (3-1)
Målskårar Sunnylven: Henning Frøysa.
Sunnylven:
Kamik, Vidar Even Leite, Jørgen Helset, Leif Rune Tryggestad, Per Ove Frøysa, Bård Forbord, Robert Tryggestad, Eivind Louis Helset, Henning Frøysa, Alf Ole Sundgot, Helge Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380