Tema-møte om narkotika
Etter ønskje frå elevrådet arrangerer FAU ved Sunnylven skule tema-møte om narkotika måndag 4. juni. Møtet er ope for elevar frå 6. til 10. klasse og for foreldre.
FAU har engasjert Frode Tafjord, som sjølv har opplevd å ha ei narkoman dotter, til å halde foredrag om temaet.
-Snart står sommaren for døra, og med den mange festlegheiter der freistingane kan vere til stades. Difor synest vi det er viktig å halde dette Tema-møtet før sommarferien. For dei yngste elevane håper vi opplysningsmøtet verkar prevantivt og skaper gode haldningar MOT narkotika.
Dette er kjempeviktig, skriv FAU ved Sunnylven skule i innkallinga og oppfordrar også alle foreldre til å kome på møtet.