Trenaren fekk gebursdagsgåve

Hans Hole til høgre, trenar for damelaget Sunnylven/Stranda fekk blomar frå fotballeiinga ved Steinar Hjelle og gåvekort frå spelargruppa.

Hans Hole til høgre, trenar for damelaget Sunnylven/Stranda fekk blomar frå fotballeiinga ved Steinar Hjelle og gåvekort frå spelargruppa.

Før damekampen mellom Sunnylven/Stranda og Brattvåg på Stranda stadion onsdag vart trenaren for heimelaget heidra med gåve og blomar. Hans Hole har runda 50 år.

Som fotballspelar fekk Hans Hole registrert 507 A-kampar for Sunnylven før han slutta. Men han la ikkje fotballskoa på hylla for godt, for dei siste åra har han trena damelaget til Sunnylven med suksess. I år fekk han ansvar for samarbeidslaget Sunnylven/Stranda.
Før kampen mot Brattvåg fekk han både gåve og gode ord i høve gebursdagen.
Etter at speeker Leidulf Årvik hadde lese opp helsinga frå spelarane der godorda kom tett, var det overrekking av gåvekort ute på bana.
Frå fotballeiinga hadde Steinar Hjelle med ein stor bukett blomar.

Damekampen mellom Sunnylven/Stranda og Brattvåg enda med heimesiger 3-1. Kanskje var det gåva den dyktige fotballtrenaren sette aller mest pris på.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380