Trening gjer ein glad

Yngvar Andersen kåserte.

Yngvar Andersen kåserte.

Å vere aktiv gjer oss glade. Det sa kåsør under Sunnylven sanitetslag sin jubileumsfest Yngvar Andersen, kjent frå NRK og Puls.

Det finst så mange døme på slankekurar, meiningslause diettar der god mat er fy-mat og tablettar er løysinga. Den beste slankekuren er å setje seg ned i tre veker uten mat, men med litt vatn. Då rasar vekta ned, men då dør ein kanskje også, sa Yngvar Andersen.

-Vi må slutte med å lytte til dei mange slankeråd i media, men starte med oss sjølve og bevege oss meir. Nokre timar med trening i veka og ein kan ete stort sett det ein har lyst på-.
Yngvar Andersen fortalde om sin hemmelege avtale med sanitetsdamer på heimstaden då han vaks opp. Frå han var åtte til seksten år fekk han lov å nytte ein gymsal mot å rydde etter seg. Der trena han og heldt seg i form,der hadde han sitt hemmeleg univers og leika at han var verdensmeister.

Ein treng ikkje vere god, men å vere aktiv gjer at ein blir gladare. Spesielt etter tretti pluss går det nedover, ikkje så mykje dei første ti åra, men deretter må ein trimme om ein skal halde seg i god form.
Mange born og unge har dårleg kondisjon i dag. Dei må trene og bevege seg meir enn det blir gjort.

Vi ser opp til idrettsheltar, dei er i kjempeform i nokre år, men også for dei går det nedover etter nokre år, også dei må trene når idrettskariera er slutt.
I fjor var det mykje snakk om lavkarbo. Har nokon høyrt så mykje om det i år?, spurte Yngvar Andersen.

Tren to, tre timar i veka og et ein god frukost og lunsj, gjerne med eit glas vin eller ei øl, det vil gjere kvardagen god og kvar og ein lukkelegare enn alle andre slankekurar, sa Yngvar Andersen.

Festlokalet var pynta på ulike måta, også med ei bjørk som fastelavnsris.

Festlokalet var pynta på ulike måta, også med ei bjørk som fastelavnsris.

-

 

Det vart servert koldtbord og etterpå kaffi og kaker.

Det vart servert koldtbord og etterpå kaffi og kaker.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380