Lokalsport

Uavgjort mot Moltu/Gjerdsvika

Det vart uavgjort 1-1 og poengdeling mellom Moltu/Gjerdsvika og Sunnylven i 6.div. måndag. Stillinga ved pause var 0-0.

Serieoppgjøret mellom heimelaget Moltu/Gjerdsvika og Sunnylven vart spela i eit forrykande uver måndag kveld. Vår meldar frå kampen fortel om vind av storm styrke med orkan i kasta, regn og dermed ei tung og gjørmete grasbane etter kvart. Det var vanskeleg å levere lagspel, det vart mange tilfeldigheiter grunna forholda.

Etter 0-0 ved halvtid tok heimelaget leiinga 1-0 i det 65. minutt. Sunnylven reiser aldri på kamp for å tape, og etter god kjemping fekk laget utlikning og eit flott mål ti minutt før slutt ved innbyttar og seriedebutant Trygve Aaland Tryggestad.
Fleire mål vart det ikkje og dermed poengdeling som var eit greitt resultat etter dei sjansar laga produserte.

6. div. avd. 1:
Moltu/Gjerdsvika – Sunnylven 1-1 (0-0)
Mål Sunnylven: Trygve Aaland Tryggestad (80)

Sunnylven stilte dette laget:
Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Jørgen Helset, Leif Rune Tryggestad, Vidar Even Leite, Eivind Louis Helset, Bård Forbord, Kamik, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Ole Arnstein Ringdal, Henning Frøysa.
Nytta innbyttar: Trygve Aaland Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380