Lokalsport

Vann på Sæbø

Ei skåring av Henning Frøysa ti minutt før slutt sikra alle poenga for Sunnylven mot Sæbø måndag. Ein godt gjennomført kamp på vårleg grønt gras ved Hjørundfjorden, fortel vår heimelsmann.

Sæbø hadde ikkje tapt i årets serie og stod med 11. poeng før møtet mot Sunnylven på heimebane måndag. Då var gjestane best og vann 2-1 etter ein god første omgang. Dermed klatra laget til 4. plass og 10. poeng, tre etter serieleiar Åmdal.
Sunnylven hadde mykje å revansjere frå i fjor. Då vart det to sigrar for Sæbø, først 3-1 på Hellesylt stadion og seinare 4-3 i heimekamp på ei gjørmete bane ut på hausten.

Framleis bar bana preg av dei våte forholda under haustsesongen i fjor. Små turer førte til litt upresist spel frå begge lag.
Måndag kveld opna Sunnylven best med stor fart og vilje mot eit heimelag som forsvarte seg, noko som enda med at Alf Ole Sundgot vart takla ulovleg. Bård Forbord var nok ein gong sikker frå straffemerket og 1-0 til Sunnylven etter 30. minutt. Resultatet stod seg omgangen ut.

I andre halvdel kom Sæbø meir med og 67. minutt ut i kampen kom utlikning til 1-1.
Det såg ut til å gå mot poengdeling, men ti minutt før full tid banka unge Henning Frøysa inn sigersmålet. Ei viktig skåring om laget skal ha heng på teten.
Sæbø pressa hardt for utlikning i sluttminutta, men Eirik Stenberg i målet til Sunnylven var god på alt som kom og sikra at tre poeng vart med tilbake til Hellesylt og Sunnylven.

6. div. avd. 1.
Sæbø – Sunnylven 1 – 2 (0-1)
Mål Sunnylven: Bård Forbord, (30. straffe) Henning Frøysa (80)

Sunnylven:
Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Helge Tryggestad, Jørgen Helset, Vidar Even Leite, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, Eivind Louis Helset, Alf Ole Sundgot, Ole Arnstein Ringdal.
Nytta innbyttarar:
Leif Rune Tryggestad, Asbjørn Kvam Karbø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380