Viktig å stå saman-

Elevar frå 10. klasse heldt talen for dagen. Frå venstre Andreas Nybø Støverstein, Nanna Frøysa Hellebostad, Inga Elise Nybø Vik og Håkon Elias Kjellstad.

Elevar frå 10. klasse heldt talen for dagen. Frå venstre Andreas Nybø Støverstein, Nanna Frøysa Hellebostad, Inga Elise Nybø Vik og Håkon Elias Kjellstad.

På Hellesylt var det elevar i 10. klasse som heldt talen for dagen 17. mai. Dei fire, Inga Elise Nybø Vik, Nanna Frøysa Hellebostad, Andreas Nybø Støverstein og Håkon Elias Kjellstad hadde teke utgangspunkt i lags- og foreningsarbeid i bygda og alt det positive slikt engasjement har ført til.

-Idrettslag, ungdomslag og sanitetslag har alle runda etthundre år og vore til positiv utvikling for Sunnylven. Laga har vore samlande, bidrege med positive tiltak både innan idrett, underhaldning og folkehelse og løyst store og viktige oppgåver i bygda. Nyleg viste samhaldet seg då kunstsenteret Peer Gynt Galleriet kom på bygdefolket sine eigarhender.
Det var overraskande då ny reguleringsplan for Hellesylt sentrum vart lagt fram og det kom motsegner frå fylket og NVE.
Oppslag i media om at -Hellesylt blir lagt ned- må alle arbeide for å motbevise-, sa dei fire mellom anna frå talarstolen i Sunnylven samfunnshus.
Til ein fullsett sal minte dei om den spesielle feiringa av 17. mai med gudsteneste, folketog med skulekorps og med opning av cruisekai. Ei stor og flott nasjonaldagfeiring som gleda eit bygdefolke som har stått saman om løysingane.
-Hipp hurra og gratulerer med dagen-, avslutta Inga, Nanna, Andreas og Håkon.

I kyrkja

Feiringa av 17. mai i Sunnylven starta ved kyrkja der Nanna Frøysa Hellebostad la ned blomar ved minnetavla over dei som fall og kom bort frå Sunnylven under andre verdenskrig.
I kyrkja preika vikarprest Nils Beite, det var musikk av Sunnylven skulekorps og song av Joyful.

Folketoget var talrikt også dette året og med Sunnylven skulekorps i storslag. Ein hektisk dag for ein av dei viktige kulturberarane i bygda, men som stod -løpet- ut på ein framifrå god måte. Imponerande at ei så lita bygd kan mønstre så mange og så gode musikarar.

Etter opning av Hellesylt kai gjekk folketoget om omsorgsenteret og tilbake til Sunnylven samfunnshus og folkefest. Leiar i Sunnylven IL og festkomiteen, Jens Vik styrte festen der det var nye innslag med skulekorpset, leikarring, felegruppe og allsong.

TV frå Hellesylt

NRK1 TV hadde direktesending med fleire innslag frå Hellesylt 17. mai. Reporter Bergljot Hjorthol, fotograf Remi Sagen og teknisk ansvarleg Hans Olav Landsverk formidla flotte bileter frå både cruisekaiopninga og frå Peer Gynt Galleriet.
Å sende frå Hellesylt mellom høge fjell krev spesielle tekniske løysinga. Det vart ordna med at signale gjekk til ein link ved Streketunnelen som der ifrå sende til satellitt i sør. På denne måten kom gode bilete ut frå Hellesylt sentrum.

Nanna Frøysa Hellebostad la ned blomar ved minnetavla over falne og bortkomne i siste krig, Bak leiar i 17. mai-kommiteen Jens Vik.

Nanna Frøysa Hellebostad la ned blomar ved minnetavla over falne og bortkomne i siste krig, Bak leiar i 17. mai-kommiteen Jens Vik.

Joyful song i Sunnylven kyrkje under leiing av Kristin Storstein.

Joyful song i Sunnylven kyrkje under leiing av Kristin Storstein.

Musikarar i Sunnylven skulekorps, frå venstre Ingrid Julie Hole, Ingeborg Langeland, Silje Ringdal, Håkon Elias Kjellstad.

Musikarar i Sunnylven skulekorps, frå venstre Ingrid Julie Hole, Ingeborg Langeland, Silje Ringdal, Håkon Elias Kjellstad.

NRK TV sende direkte frå cruisekai-opninga og intervju med Randi Sæter og Kari Hauso Stadheim i Peer Gynt Galleriet.

NRK TV sende direkte frå cruisekai-opninga og intervju med Randi Sæter og Kari Hauso Stadheim i Peer Gynt Galleriet.

Folksamt under opning av Hellesylt kai.

Folksamt under opning av Hellesylt kai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380