Lokalnytt

Balldag på Peer Gynt Galleriet

doc_2891_2

Torsdag 14. juni blir det servert potetball i kafeen på Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Og det skal bli eit ekte Sunnmørsk potetballmåltid med alt som høyrer med, lovar dagleg leiar Randi Sæter.

Kjært barn har mange namn, heiter det. Slik også med potetballen som blir kalla både raspeball, klubb, komle, kompe, klot eller berre ball. Tilbehøret er like mangfaldig alt etter kor ein er i landet.
På Peer Gynt Galleriet torsdag blir ballen servert med kålrot, salt kjøt, litt pølse og bacon feitt til, seier Randi Sæter som satsar på at torsdag skal bli fast balldag utover sommaren.
Det blir servering frå kl. 13.00. Eit måltid som vil friste mange, trur vi.

Gratis kaffi og vafler
Peer Gynt Galleriet har meir hyggeleg å by på så fredag blir det ein ny ”kjekke” dag. Då spanderer huset gratis kaffi og vafle på alle over 60 år. Eit nytt tilbod som dagleg leiar håper mange vil nytte seg av og ta turen innom kafeen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380