Bibliotek i nye lokale

Her er nokre av ungdomane som deltok i flyttesjauen, frå venstre Stian Frøysa, Elisabet Enoksen, Lars Kvam Karbø og Andreas Nybø Støverstein. (Foto: Privat)

Her er nokre av ungdomane som deltok i flyttesjauen, frå venstre Stian Frøysa, Elisabet Enoksen, Lars Kvam Karbø og Andreas Nybø Støverstein. (Foto: Privat)

I slutten av juni flytta biblioteket på Hellesylt inn i nye lokale i kyrkjelydshuset. Ei mellombels løysing i påvente av nye lokale i Sunnylven skule.

Biblioteket på Hellesylt har leigd lokale av Coop Marked, ein avtale som vart sagt opp frå 1. juli.
Det var gjort politisk vedtak om at filialen i Sunnylven skulle leggjast ned, men bygdefolket protesterte. Unge engasjerte seg med underskriftslister og etter kontakt med kommune og politikarar kom ein fram til ei tenleg, men kortsiktig løysing.

No har biblioteket fått tilhald i Sunnylven kyrkjelydshus.
Denne veka var det stor flyttedugnad av bøker og reolar. Både unge og eldre tok del i arbeidet.
Filialen opnar i dei nye lokala i august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380