Fantastisk laginnsats knekte Volda 2.

Donka inn mål mot Volda 2. Frå venstre Kirsti Frøysadal Hauge, Eline Langlo, Jannicke Gjerde. (Arkivfoto)

Donka inn mål mot Volda 2. Frå venstre Kirsti Frøysadal Hauge, Eline Langlo, Jannicke Gjerde. (Arkivfoto)

Sunnylven/Stranda møtte eit godt Volda 2-lag i damekamp på bortebane. Etter Volda-leiing ved pause snudde gjestane kampen og vann 4-1.

-Vi møtte eit godt trena lag i Volda 2, tøffe i taklingane og la verkeleg press på oss. Men ein fantastisk lagmoral og innsats i andre omgang knekte laget frå kulturhovedstaden på Sunnmøre. Eg er mektig imponert over jentene, sa trenar Hans Hole etter kampen.

Volda 2 gjekk knallhardt ut og om lag halvvegs i omgangen vart det 1-0. Sjølv om begge lag hadde sine sjansar til å endre på resultatet stod det seg slik til pause.

Kort etter avspark i andre omgang fekk Sunnylven/Stranda skada sin gode midtstoppar Ellen Marie Hole etter overtrakk. Trenaren måtte gjere omrokkeringar på laget og sette Marthe Slettebak på sviperplassen. Eit sjakktrekk av dei sjeldne vedgår Hans Hole som fortel at Marthe imponerte stort.

Snart vart det fleire skåringar og alle banka Sunnylven/Stranda i Volda-målet. Eit frispark frå Eline Langlo fann Kirsti Frøysadal Hauge som stussa inn 1-1.
Like etter var det Eline sjølv som fekk oppleve nettsusen på Volda stadion og det stod 2-1.
Og det skulle ikkje stoppe med det. Volda 2 hadde ein stor sjanse til utlikning, men Sunnylven/Stranda kontra ved Inga Nybø Vik, la til Kirsti som stussa vidare til Jannice Gjerde som ordna 3-1.
I det 85. minutt knuste Kirsti Frøysadal Hauge alle Volda 2 sine håp om poeng i denne kampen då ho donka inn 4-1 som også var sluttresultatet.

Ein fantastisk laginnsats mot eit sterkt Volda 2, slo ein svært nøgd trenar Hans Hole fast, og som stilte med dette mannskapet:

Volda 2 – Sunnylven/Stranda 1-4 (1-0)
Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Marthe Slettebak, Linda Vågseter, Ellen Marie Hole, Linn Kammen, Lena Gjerde, Anniken Hjellbakk Hole, Eline Langlo, Jannicke Gjerde, Kirsti Frøysadal Hauge, Tina Jøsok.
Innbyttarar:
Anne Lise Lødøen Helset, Silje Krohn, Randi Grønningsæter, Inga Nybø Vik, Karoline Nerli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380