LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2012

Går Långeveien under Sommardagane

Gatevandring med Arne Ringdal er tilbake i år. Det blir start ved Syltevigbuda laurdag kl. 15.00
Gatevandring med Arne Ringdal er tilbake i år. Det blir start ved Syltevigbuda laurdag kl. 15.00

I år er det ny etappe gatevandring under Sommardagar på Hellesylt neste helg. Kjentmann og forteljar Arne Ringdal tek interesserte med opp Långevegen mot kyrkja.

Vandringsmann Arne Ringdal har alltid hatt ei stor og lydhøyr forsamling med på gatevandringar gjennom Hellesylt sentrum. Det starta på kaia i 1998, og etter opphald eit par år, gjekk sjette etappe frå Lebakken til Kleivane og industriområdet i 2006.

I år tek læraren ved Sunnylven skule med seg dei historieinteresserte i motbakke etter Långeveien. Han startar i krysset ved Syltevigbuda og håpar å kome opp til Sunnylven kyrkje på timen som er avsett til gatevandringa.

Arne Ringdal har lese seg til, fretta frå eldre, eller opplevd sjølv det han har fortalt på gatevandringane. Interessante historietimar der vandringsturen denne gongen går forbi mellom anna det som var skobutikk, postkontor, bedehus og klokkarbustad.

Om etappa i år er den siste veit ingen, heller ikkje vandringsmann Arne Ringdal. Med nye generasjonar som veks fram er det kanskje snart på tide å starte på kaia på nytt?

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380