Gåver og gode ord under kraftverkopning

Gudmor Borghild Hauso fekk med blomster heim.

Gudmor Borghild Hauso fekk med blomster heim.

Fleire helsingstaler med gode ord vart eigarane til del under opninga av Litlebø Kraftverk. Og gåvene var både blomar, bilete og kirsebærtre.

Kirsebærtreet er planta like ved kraftstasjonen. Det var gåva frå arkitektfirmaet Slyngstad Aamlid som teikna sjølve stasjonsbygget.
Ivar Aamlid sa at då dei fekk oppdraget prøvde dei å skape noko ut frå landskapet der bygget skulle stå. Bygget vart kan hende litt utradisjonelt i form, men tradisjonelt i val av byggemateriale, tre og stein.
Gåva frå arkitektfirmaet var eit kirsebærtre som dei håpa måtte ha litt symbolikk i seg, at eigarane på Tryggestad kunne ”spise kirsebær” med dei store kraftprodusentane.

Frå byggefirma Kristisæter helsa Åge Kvam. Han takka for oppdraget som dei hadde prøvd å utføre på best mogleg måte, og han takka Borghild Hauso for gjestfriheit og mang ei god servering under byggeperioden. Kvam overrakte eit bilde som gåve.

Også Stig Falling frå kraftkollega Tafjord Kraft hadde med eit bilde i gåve. Han gratulerte med eit flott anlegg.

Frå Stranda kommune helsa varaordførar Svein Lunde og overrekte blomar. Han ønska alt godt for eigarane og kraftverket og håpa det ville vere med å styrke næringsgrunnlaget for alle i grenda.

Også gudmor til kraftverket, Borghild Hauso kunne ta med blomar heim Dei vart overrekt frå Tryggestad Kraft AS av styreleiar Jan Ove Tryggestad.

Jan Ove Tryggestad t.v. og Åge Kvam, Kristisæter.

Jan Ove Tryggestad t.v. og Åge Kvam, Kristisæter.

Stig Falling, Tafjord Kraft.

Stig Falling, Tafjord Kraft.

Varaordførar i Stranda, Svein Lunde

Varaordførar i Stranda, Svein Lunde

Ivar Aamlid i Slyngstad Aamlid Arkitekter

Ivar Aamlid i Slyngstad Aamlid Arkitekter

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380