Gjer klar til andeslepp

Her blir andefuglane talde og merka av frå høgre Sigrid Imilie, Egil Røyrhus, Geir Frøysa, Anita Langeland, Ole Aasen, Synnøve Kjellstad, Erna Hellebostad og Marianne Fivelstad.

Her blir andefuglane talde og merka av frå høgre Sigrid Imilie, Egil Røyrhus, Geir Frøysa, Anita Langeland, Ole Aasen, Synnøve Kjellstad, Erna Hellebostad og Marianne Fivelstad.

Hellesyltfossen har vore arena for det såkalla andesleppet sidan 2005. Under Sommardagar på Hellesylt er det nok ein gong klart for ”konkurransen” mellom 2000 gule plastfuglar om å kome først frå Høge bru til oljelensa i sjøen forbi Hellesylt bro.

No har vi talt opp fuglane og supplert så alle er med på turen ned Hellesyltfossen, fortel leiar Marianne Fivelstad i Hellesylt UL, laget som har ansvar for avviklinga av den spesielle konkurransen.
Det blir sal av lodd under Sommardagar på Hellesylt, frå fredag 6. juli til like før ”sleppet” kl. 16.00 på søndag 8. juli, men HUL satsar også stort på førehandssal av lodd fleire stader på Sunnmøre og i Nordfjord.
Har loddkjøparen det rette nummeret, kan vedkomande reise heim med store premiar.
Og vinnarsjansen er like stor for alle, for ingen kan påverke kva ”fugl” som kjem først til mål.

-Alle ”fuglane” blir lasta opp i ei stor snøskuffe på ein traktor og går samla i stup i elva på Høge bru. Ingen tjuvstart, men dei siste om bord i snøskuffa har ein liten fordel. Dei blir først i fossen og får eit forsprang på dei andre. Om det er avgjerande er vel heller tvilsamt, trur Marianne.
Å kjøpe lodd i andesleppet burde friste, for premiane er mange og store. Vinnaranda er verd 10.000,- kroner, dei neste på premielista får 5.000,- kroner, 3.000,- kroner, og sju får 1.000,- kroner.

Les meir om ”Det store andesleppet” og andre opplevingar på Hellesylt i messeavis for Sommardagar på Hellesylt som kjem i postkassa måndag 2. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380