Lokalnytt

”I Den levande skogen”

 

 

Ein stor stubbe og grankongler på scena fortalde at vi var i skogen, i ”Den levande skogen” på Sunnylven samfunnshus fredag kveld. Eit herleg musikals eventyr.
På ein vakker sommarkveld inviterte barnelaget i Hellesylt Ungdomslag til sjarmerande musikal med tittel ”Den levande skogen”. Ei oppsetjing mange tydeleg vis gleda seg til, for storsalen i samfunnshuset var godt fylt opp kring alle småbord då Wenche Ringdal i barnelaget ønska vel møtt.

Det var for fem år sidan at manus til forestillinga kom leiinga i hende. Frå då hadde det lege på vent, det var mykje arbeid og behov for musikalske krefter for å få forestillinga vist.
Hjelpsame foreldre og ekstra hjelp frå Kristin Storstein og Annfrid Sæter gjorde at det no var klart for premiere, sa Wenche Ringdal.

Det vart ein suksess og ei oppleving. 26 barn frå 1. til 7. klasse ved Sunnylven skule stod for flott underhaldning i ein heil time.
I skogen var mange tre, mellom dei eit gamalt ”bestemortre”, to harepusar, nokre campingturistar og til slutt dukka det opp ein skoghoggar.
Dei to harepusane levde eit lukkeleg liv i skogen, men campingturistane fekk uroleg nattesøvn fordi dei meinte trea dansa.
Bestemortreet som var 80 år venta på at skoghoggaren skulle kome. Det tykte dei unge var trist, men bestemortreet var nøgd av år og berre spent på om ho skulle bli veggpanel eller dopapir.

Ei sjarmerande forteljing om naturen sitt kretsløp, også i skogen. Ei verkelegheit som vart så herleg framført av unge aktørar gjennom forteljing og vakre songar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380