Målkalas mot Flø

Hans Kristian Hjellbakk Hole skåra tre mål mot Flø. Til høgre Helge Tryggestad.

Hans Kristian Hjellbakk Hole skåra tre mål mot Flø. Til høgre Helge Tryggestad.

Sunnylven hadde små problem med på tukte Flø i ”heimekamp” på Stranda stadion måndag. Då domar Oddbjørn Aam, Åmdal FK bles for full tid stod det 11-0 til Sunnylven.

Flø såg ut til å ha teke fotballferie før 6. div. kampen mot Sunnylven vart sparka i gong. Laget møtte med berre ti spelarar som ikkje skapte dei store sjansane, men kjempa innbitt for å begrense tapet.
Henning Nydal i Sunnylven sitt mål redda meisterleg Flø sitt første skot på mål etter 33 minutt, seinare vart det ein kalde kveld for målvakta.
I andre omgang foregjekk stort sett alt rundt sekstenmeteren til Flø, men laget hadde tydeleg vis lært av visse EM-lag korleis ein kan forsvare seg.

Mange kom på skoringslista hos Sunnylven. Alf Ole Sundgot fekk fire fulltreffarar, Hans Kristian Hjellbakk Hole tre, Olav Åge Åsen to, Ole A. Ringdal og Leif Rune Tryggestad eitt mål kvar.

Sunnylven – Flø 11 – 0 (6-0)

Sunnylven sitt lag:
Henning Nydal, Ole Arnstein Ringdal, Jørgen Helset, Leif Rune Tryggestad, Per Ove Frøysa, Helge Tryggestad, Eivind Louis Helset, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, Alf Ole Sundgot.
Nytta innbyttarar:
Olav Åge Åsen, Asbjørn Kvam Karbø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380