Lokalnytt

Ny stor båt til kai

-

Onsdag la cruisebåten Costa Fortuna til ved Hellesylt kai, ein diger koloss på heile 272 meters lengde.

Mange av Costa Fortuna sine cruisepassasjerar gjekk om bord på Hellesylt igjen etter turen ”over land”. Det digre skipet kom godt til kai, og la kontrollert i frå, utan problem. Før det snudde og stemna ut fjorden gav det lyd frå seg. Ikkje berre ein gong, men to gonger tre støyt i båtfløyta.
Kanskje var kaptein og dei reisande godt nøgde med at sola varma på Hellesylt, og kanskje var det i tillegg ei helsing og gratulasjon med kaianlegget.

Etter cruiselista kjem MSC Poesia til Hellesylt kai torsdag 7. juni. Med sine 293 meter er det største skipet som har lagt til ved Hellesylt kai etter opninga 17. mai.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380