Opna Litlebø kraftverk

Borghild Hauso fekk æra av å opne Litlebø Kraftverk.

Borghild Hauso fekk æra av å opne Litlebø Kraftverk.

Borghild Lillebø Hauso hadde leita fram ei saks laga av Ole Kjellstad i 1860 då ho skulle klippe silkebandet og opne Litlebø Kraftverk. Snora i nasjonalfargar vart kutta og dermed var ei ny livsåre i Tryggestadgrenda offisielt i drift.

Det var kulturinnslag av klasse som starta feiringa i samband med opning av Litlebø Kraftverk fredag. Først ute var lurblåsarane Kristin Ringdal og Lars Kvam Karbø, deretter på fele Andrea Kjellstad, Kristine Hjellbakk Hole, Inga Nybø Vik og Synnøve Hjellbakk Hole, og Gunne Larsen på trekspel
Styreleiar i Tryggestad Kraft, Jan Ove Tryggestad kunne ønske vel møtt til mange som var invitert til den offisiell opninga av kraftverket 1. juni. I tillegg til eigarane var entreprenørar, leverandørar, bank, planleggarar, andre kraftprodusentar og presse til stades.

Lang prosess
-Det har vore ein kamp, ikkje på liv og død, men mot eit byråkrati som drog ut prosessen med å få realisert planane, sa Jan Ove Tryggestad.
-Ideen kom for snart ti år sidan etter at tidlegare fylkesmann Ottar Befring hadde oppmoda bøndene om å ta i bruk dei ressursar som var på bygdene. I 2003 kalla vi inn til eit uformelt møte mellom grunneigarar og då viste det seg at mange av oss gjekk med same tankane om å få til kraftproduksjon.
Tidlegare var her eit lite kraftverk på 1920-talet som forsynte grenda med elektrisitet. Det var revolusjonerande og utviklande, sa Jan Ove Tryggestad mellom anna.

Fekk lys til jul
Olav Hauso er dagleg leiar i Tryggestad Kraft.
-Hauso har vore ein entusiastisk person og glødande interessert i å få realisert dette prosjektet. Han har vore ein pådrivar og ein stor ressurs under heile byggeperioden, sa styreleiaren til stor applaus frå forsamlinga.
Olav Hauso hadde funne fram eit dagboknotat frå oldemora, Brit Lillebø der ho hadde notert ned korleis arbeidet gjekk føre seg då kraftverket rundt 1920 vart bygt. Det kom fram at etter mykje strev og arbeid vart det lys i husa til jul. Mange fekk seg komfyrar, ein hadde til og med steikeovn, og sjølv fekk Brit ein med dobbel kokeplate.

Som hustomt
Olav Hauso såg tilbake på byggeprosessen og fortalde om tekniske data, nedbør, fall, og andre data. Stasjonen henta vatn frå to elvar og var i grunnen to kraftverk, Nebbedalen Kraftverk og Langedalen Kraftverk. Desse har då blitt til Litlebø, eit nanm for festtalar som blir haldne på slike dagar som i dag, skjemta Hauso.
Det starta i 2009, då kom det båt til Stranda med røyr, og graving og sprenging av fjell tok til. Røyr med 1.8 meter og 1.2 meter i dimensjon gjor at det måtte gravast både djupe og breie grøfter.
-Det er ein hustomt for kvar røyrlengde, siterte Olav Hauso etter gravarane.

Møter på Lillebø
Til slutt var det klipping av silkesnora, høgdepunktet under opninga.
Det oppdraget skulle Borghild Hauso stå for, sa Jan Ove Tryggestad og la til.
-Gjennom byggeperioden har det blitt halde mange møter i stova på Lillebø og der har Borghild alltid servert oss godt, neste alt for mykje. Difor vil vi i dag gje litt tilbake, at ho får ære av å opne kraftverket-.  Borghild hadde funne eit høveleg redskap for oppdraget, ei saks laga på Kjellstad i 1860. Dei begge gjorde jobben, og dermed var Litlebø Kraftverk offisielt opna.

 

Jan Ove Tryggestad er styreleiar i Tryggestad Kraft AS.

Jan Ove Tryggestad er styreleiar i Tryggestad Kraft AS.

Olav Hauso er dagleg leiar i Tryggestad Kraft AS

Olav Hauso er dagleg leiar i Tryggestad Kraft AS

Frå venstre Andrea Kjellstad, Gunne Larsen, Kristine Hjellbakk Hole, Inga Nybø Vik, Synnøve Hjellbakk Hole.

Frå venstre Andrea Kjellstad, Gunne Larsen, Kristine Hjellbakk Hole, Inga Nybø Vik, Synnøve Hjellbakk Hole.

Svært mange var til stades under opninga.

Svært mange var til stades under opninga.

Litlebø Kraftverk.

Litlebø Kraftverk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380