
Måndag er fast trimdag for spreke pensjonistar på Hellesylt. Stadig nye turmål blir utpeika og sist måndag gjekk turen og drøsen opp til Ringdal, før det vart innsteg i Hellesylt Bygdetun på tilbakevegen.
Dagleg leiar ved Hellesylt Bygdetun Marit Ljøen har ope kvar måndag frå kl. 12.00 til 17.00. Turgjengen nytta seg av tilbodet og stakk innom.
Dei gamle bygningane og tinga har dei sett før, men i det nye våningshuset er det gjort store utbetringar, både av opphaldsrom og sanitæranlegg, noko dei var storleg begeistra over, fortel Marit Ljøen.
Det vart kaffi og vafler før turen gjekk vidare.