Potetball var ein suksess

Torsdag stod potetball på hovedmenyen ved Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Det viste seg å vere eit populært tilbod som blir gjenteke kvar torsdag i sommar.
Peer Gynt Galleriet på Hellesylt har full drift med besøk i galleriet, servering i kafeen og turistinformasjon. Besøket aukar dagleg.
Torsdag var mange innom kafeen for å kjøpe seg potetball, ein god tradisjonsrik Sunnmørsretten. Og menyen fall i smak, store porsjonar som i tillegg til potetball besto av pølse, salt kjøtt, kålrot, potet og bacon i feitt.
Rundt 50 fekk seg servert potetball og då var grytene tomme. Neste torsdag er det ny balldag ved Peer Gynt Galleriet.
I dag fredag spanderer Peer Gynt Galleriet gratis kaffi og sveler til alle over 60 år.