Rydda etter ”Dagmar”

Gisle Aaland stilte med motorsag.

Gisle Aaland stilte med motorsag.

Også etter Flofjellvegen, den gamle samfedselsåra mellom Vollset og Flo i Nordfjord, førte juleorkanen til mykje vindfall. Store grantre ved Stegholsvatnet sperra for vanleg ferdsel.

Foto: Privat.
No har folk frå trimgruppa i Sunnylven IL rydda opp. Leiar i trimgruppa, Rune Hole og hjelpar Gisle Aaland tok i bruk motorsag og handekraft og turvegen er god for bruk igjen. Legg gjerne kvelds -eller søndagsturen til Stegholen og Flofjellet, er oppmodinga.

Leiar i trimgruppa, Rune Hole rydda med muskelkraft.

Leiar i trimgruppa, Rune Hole rydda med muskelkraft.

Då var jobben gjord.

Då var jobben gjord.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380