Sommaravslutning ved Sunnylven skule

Tysdag 19. juni var det sommaravslutning ved Sunnylven skule. Foreldre og slekningar av elevane møtte tallrikt opp til festen der mellomsteget og ungdomsskulen sytte for program og foreldre for servering av kaffi og kaker.
Det var Sunnylven skulekorps som med to marsjar opna festen, før rektor Roar Seljeset ønska alle velkomne. Seljeset leia avslutningfesten og fortalde frå skuleåret, om opplevingar og prosjekt elevane hadde delteke i.
Mellomsteget var først ute med sine innslag frå scena og som dei hadde laga sjølve. Dei hadde kopiert TV-programmet Norske Talenter så det vart både song, dans, akrobatikk og rap. Eit domarpanel på tre gav oppmuntrande og gode kommentar til kvart innslag.
8. og 9. klasse laga spaning for alle i salen med si krimhistorie frå eit bankran på Hellesylt, ispedd reklame for lokale bedrifter. Ei fantasifull historie som fenga.
Høgdepunktet på avslutningsfesten var utdeling av vitnemål til fire avgangselevar, Inga Elise Nybø Vik, Nanna Frøysa Hellebostad, Andreas Nybø Støverstein og Håkon Elias Kjellstad. Rektor Roar Seljeset og lærar Reidun Remme Habostad stod for utdelinga.
Seljeset gav dei fire gode skussmål, dei var få, men med sterke meiningar.
Dei hadde alltid vore flotte og kjekke elevar, gode eigenskapar for å knyte nye kontakter i livet, sa Seljeset, og la til;
-Skulen og bygda har prøvd å legge til rette og skape sunne og gode aktivitetar for ungdom. De har vore storforbrukarar av desse, som mellom anna kor, korps, langrenn, skiskyting, fotball, dans, teater og 4 H-.
Han ønska dei lukke til vidare i livet før vitnemåla var overlevert.
Saman med lærar Reidun Remme Habostad hadde dei vore på skuletur til Tromsø. Frå scena fortalde dei frå turen og opplevingane som etter det vi kunne forstå hadde vore både morosam og ei stor oppleving.