LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2012

”Sommardagar” for 25. gong

-

Frå fredag 6. juli til søndag 8. juli blir Sommardagar på Hellesylt arrangert, i år for 25. gong. Som tidlegare er det Hellesylt Næringslag i samarbeid med andre lag og organisasjonar i Sunnylven som står bak tilskipinga etter tradisjonelt opplegg.

Arrangøren av Sommardagar på Hellesylt har sett saman eit rikhaldig program i jubileumsåret. Aktivitetar og opplevingar er stort sett som tidlegare, men med nye krefter.
I veka før arrangementet gjev arrangøren ut ei 20 siders messeavis i fargar til husstandar i Nordfjord og på Sunnmøre. Her kan ein lese om Hellesylt og alt som skjer under årets Sommardagar.
Avisa er trykt i opplag på 31.000 og blir delt ut i Eid, Stryn, Hornindal, Volda, Ørsta, Sula, Ørskog, Norddal, Stordal, Stranda, Sykkylven og deler av Ålesund.
Også på nettstaden hellesylt.no kan ein i dagane fram til arrangementet lese om det som skjer under Sommardagar på Hellesylt.

Ikkje kyrkjekonsert
”Dagane” har alltid starta med konsert i Sunnylven kyrkje på fredag kveld. I år blir det ikkje kyrkjekonsert, noko mange har uttrykt skuffelse over.
Økonomi er årsaka, konserten har ofte gått med underskot, opplyser arrangøren.

Thomas Tivoli kjem til Sommardagane og riggar opp på grusbana.
Frå Helsetkopen i Sunnylvsbygda er det fjellflyging og konkurranse i kåring av ”Verdens raskast flygande menneske”. World Base race startar torsdag med finale laurdag.

Etter at to cruiseskip, Silver Whisper og Astor har vitja Hellesylt fredag, blir det vernissage på Peer Gynt Galleriet fredag kveld. Moteskaparane Synnøve Ringdal og Chatrine Schermann presenterer nye vesker i kuskinn. Arrangementet er ope for publikum frå kl. 21.00.

I festivalteltet i same område er det ungdomsdickotek frå kl. 22.00, og på Øcal`s spelar duoen Trond & Svein frå Ålesund.

Gaute Ormåsen og Kristin Sevaldsen under kyrkjekonserten 2011.
Gaute Ormåsen og Kristin Sevaldsen under kyrkjekonserten 2011.
Oppvisningshopp frå Helsetkopen i 2011.
Oppvisningshopp frå Helsetkopen i 2011.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380