Lokalnytt

Sommarfest i Sunnylven Barnehage

 

 

Nyleg vart foreldre og slektningar av born i Sunnylven Barnehage invitert til sommarfest. Ei triveleg stund med servering og underhaldning.

Tilsette og born i Sunnylven Barnehage hadde førebudd sommarfesten lenge. Og festen vart ei triveleg stund, både for alle i banehagen og gjestane.

Invitasjonen gleda tydeleg, for det vart folksamt etter kvar av foreldre, syskjen og besteforeldre.
Mellom dei vaksne gjekk drøsen, og borna vart pynta med ansiktsmåling både med
sommarblomster og andre svært så kreativt figurar av Terese og Irene.

God servering av kaffi, kaker og saft skapte ekstra feststemning, før høgdepunktet som var framføring av Torbjørn Egner si vise om ”Dyrene i Afrika”.
Ikkje var det berre flott song av dei 33 borna, også ei utstilling med figurar av dyr, palmar og bananar gjorde stunda meir levande som Afrika enn Hellesylt.
Ei gla`stund som fekk velfortent applaus og som dyktige tilsette i barnehagen hadde hatt ei kreativ hand med i.

Hilde Langlo Brekke er styrar i Sunnylven Barnehage. Sommarfesten vart halden ei veke før avslutninga fordi ein del foreldre og born dreg på ferie alt no i juni, fortalde ho.
Siste dag i barnehagen er fredag 6. juli og med ny oppstart måndag 6. august.
Sunnylven Barnehage har hatt 33 born det siste året. Åtte av dei tek til på Sunnylven skule til hausten.
I barnehagen kjem nye til, så neste år er det 30 born i Sunnylven barnehage, fortel Hilde Langlo Brekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380