Lokalnytt

Sterkt budskap om russkadar

Mange kjøpte t-skjorter med slagord mot narkotika.
Mange kjøpte t-skjorter med slagord mot narkotika.

Omlag 40 elevane ved Sunnylven skule og like mange foreldre møtte til informasjonsmøtet om narkotika måndag. Arrangør var FAU ved skulen, og til å informere var hyra inn Frode Tafjord frå Ålesund.

Frode Tafjord har opplevd ulukka å ha eit barn som vart narkoman. Dotter Camilla sleit med rusproblemet i mange år og døde 26 år gamal på julaftan 2007 av GHB.
Det var ei lyttande forsamling Frode Tafjord snakka til på Hellesylt måndag kveld. Og det var ein engasjet og bevega far som fortalde om livet til Camilla før og etter rusbruken. Ei stor tragedie for ein familie som også kostar samfunnet mange pengar.

Politikarar gjer forlite
-Verda er full av narkotika, så tollarar og politi greier aldri å stoppe produksjon og sal.
Det må brukast meir pengar på førebyggande tiltak, men i staden legg vi ned behandlingsplassar, velferdsstaten Norge er mellom dei dårlegaste.
Politikarar må kome meir på bana, rusproblemet må takast meir på alvor enn det har blitt gjort fram til i dag, sa Frode Tafjord som har prøvd å få med seg både NRK og TV 2 til informasjon, men ikkje lukkast.
-Når nokon tek seg inn i ein minkfarm og filmar nokre dyr med sår, blir det store oppslag i mange dagar. Dei truar med både straff for eigar og med å legge ned ei heil næring.
Å kjempe mot og informere om rus der tusenvis lir meir og har djupare sår enn nokon av minkdyra, bryr få seg om.

Ikkje prøv narkotika
Ungdomen i dag er flott, og gjer ein dei rette vala har alle ei god framtid, sa Frode Tafjord som har jobba som trenar i bryting i mange år. Han åtvara sterkt mot feil val i livet.
-Rusen er den breie veg og kan øydelegge alt. Døra inn dit har mange, store handtak. Den døra må ein aldri opne, det vil berre føre til ulykke.
Krigen mot narkotika må aldri slutte. Ingen må røre det, og kjenner De nokon som prøver det, så gjer det De kan for å få dei frå det. Det vil dei takke for seinare i livet, sa Frode Tafjord til ei stille og lyttande forsamling.

Prøv aldri narkotika, var budskapet Frode Tafjord gjentok fleire gonger på ein kveld med ei gripande, sterk historie om ei livsglad, sprudlande jente som tapte livet for rusen.

Fekk pris frå Lions
Til Hellesylt kom Frode Tafjord nesten rett frå Kristiansand der han hadde motteke Lions Club sin Tulipanpris for sitt engasjement mot rus. Prisen var 50.000,- kroner som han overfører til Camilla Minnefond, ei stifting mot rus.
-Det var veldig stort og eg er utruleg takknemleg over å få motta denne prisen, seier Frode Tafjord.

Frode Tafjord og leiar av FAU, Barbro Lade.
Frode Tafjord og leiar av FAU, Barbro Lade.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380