Stor Jentebølgje på Hellesylt

  • doc_2879_2
  • doc_2879_13
  • doc_2879_14
  • doc_2879_15
  • doc_2879_16
  • doc_2879_17

 

 

På Hellesylt flytta ei stor bølgje seg i raskt tempo oppover mot Sunnylvsbygda onsdag. Ved vegkrysset til Stadheim snudde den og kom i retur.

Det var den lokale varianten av Jentebølgja som vart avvikla onsdag ettermiddag med start og innkomst på Hellesylt stadion og med Sunnylven sanitetslag og trimgruppa i idrettslaget som arrangørar.
I alt 30 unge og eldre stilte på, frå fire år til nær 80 fullførte på eigne bein, to fekk turen i trillevogn. Dei fleste hadde lokal tilknytning, men også med internasjonalt innslag. Ei tysk jente hadde lese om Jentebølgja på Hellesylt på nettstaden Kondis. Ho stilte til start og fullførte.

Jentebølgja er eit 5 km. langt turløp for jenter i alle aldrar der ein sjølve vel tempo, om ein vil springe eller gå, eller fullføre på begge måtar.
På Hellesylt var det ingen startkontingent, og etter innkomst spanderte arrangøren frukt og drikke på alle deltakarane.

Fredag 8. juni går den ”store” Jentebølgja i Ørsta. Kanskje tek nokre av trimmarane på onsdag turen også dit.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380