Sunnylven vann over Larsnes/Gursken 2.

Sunnylven vann 5-0 over Larsnes/Gursken 2 på bortebane tysdag og befesta andre plass på tabellen. Ein solid kamp av gjestane på kunstgraset i Gursken.

Sunnylven har hatt vanskelege treningsforhold denne våren. Banesituasjonen gjer at trenar Jens Arve Forbord sitt mannskap fleire gonger må gjennomføre treningar i ballbingen på Hellesylt. Lite motiverande, men tydeleg vis godt nok til å kjempe om poenga mot dei andre laga i 6. div. avd. 1.
Sunnylven tok raskt leiinga mot Larsnes/Gursken 2 og gjekk til pause med 2-0.
Etter kvilen kom tre nye mål og dermed enda kampen med ein solid siger på bortebane.
Laget ligg på andre plass bak Åmdal som toppar.
Målskårarar for Sunnylven var Alf Ole Sundgot 3, Bård Forbord 1 og Hans Kristian Hjellbakk Hole 1. Eitt kom etter dødball, resten var flotte spelemål.

Andre resultat 6. div. avd. 1.
Sæbø – Åmdal, 2-5
Moltu/Gjerdsvika – Tjørvåg, 2-4
Hareid 2 – Kvamsøy/ÅVK 2. 2-2

Neste kamp og siste før ferien er mot Flø. Etter planen blir den spela på Stranda stadion måndag 18. juni kl. 19.00.

Sunnylven sitt lag mot Larsnes/Gursken 2.
Leif Rune Tryggestad, Asbjørn Kvam Karbø, Jørgen Helset, Ole Arnstein Ringdal, Per Ove Frøysa, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Eivind Louis Helset, Henning Frøysa, Helge Tryggestad, Alf Ole Sundgot.
Innbyttarar:
Pål Andre Lødøen Helset, Gisle Aaland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380