Sunnylven/Stranda tapte toppkampen
Herd vann toppmøtet mot Sunnylven/Stranda 4-3 onsdag. Ein jamn kamp der Herd utnytta sjansane best.
Herd tek ferie på tabelltoppen i 3. div. damer, fire poeng føre Sunnylven/Stranda.
Som i vårmøtet opna Herd best og skåra alt etter tre minutt. Deretter tok Sunnylven/Stranda over banespelet, men lukkast ikkje framfor mål. Herd var dyktige og kontra inn to nye mål før omgangen var ute. Dermed 3-0 ved pause.
Etter ein god prat i pausen gjekk gjestane på bana i andre halvdel for å kjempe om poeng. Ellen Marie Hole vart sett på topp, Marthe Slettebak på midten og Sandra Kammen bak.
Og etter fem minutt kom reduseringa ved Ellen Marie Hole, ti minutt seinare ordna Jannicke Gjerde 3-2.
Kampen og resultatet kunne bikke begge vegar, men etter 85 minutt fekk Herd hjørnespark som dei skåra på til 4-2. På overtid reduserte Marthe Slettebak til 4-3 som vart sluttresultatet.
Herd er eit godt lag, tykte trenar for Sunnylven/Stranda, Hans Hole, men laget fekk kamp til døra om poenga også denne gongen.
-Herd har ambisjonar om opprykk, vi har kan hende mest glede av å spele i 3. divisjon.
Men serien er ikkje slutt, fire poeng kan fort bli henta inn utover haustsesongen, seier Hans Hole. Han vil få spelarar i avgang på slutten av sesongen, men har ein stor stall og gode innbyttarar, så laget vil slå godt frå seg når serien er i gong igjen etter fotballferien.
3. div. damer.
Herd – Sunnylven/Stranda 4 – 3 (3-0)
Mål Sunnylven/Stranda: Ellen Marie Hole (50), Jannicke Gjerde (60), Marthe Slettebak (90+2).
Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Marthe Slettebak, Ellen Marie Hole, Linda Vågsæter, Anne Lise Lødøen Helset, Lena Gjerde, Sandra Kammen, Anniken Hjellbakk Hole, Eline Langlo, Jannicke Gjerde, Kirsti Frøysadal Hauge.
Innbyttarar:
Tina Jøsok, Christina Holmberg.