Turistinformasjonen på Hellesylt opna

Turistinformasjonen har lokale i Peer Gynt Galleriet.

Turistinformasjonen har lokale i Peer Gynt Galleriet.

Måndag 11. juni opna turistinformasjonen på Hellesylt. Også i år har informasjonen lokale i Peer Gynt Galleriet.

Det er Tina Larsen og Ruben Kjølås som skal svare på spørsmål frå dei reisande denne sommaren.
Så langt har ikkje trafikken vore alt for stor, men det vil nok auke på utover, trur Ruben Kjølås som hadde sin første dag ved informasjonen tysdag.

Opningstidene er måndag til fredag kl. 10.00 til 17.00, laurdag og søndag kl. 11.00 til 17.00.
Turistinformasjonen har telefonnr. 94 81 13 32 og er i drift til midten av august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380