
ABO Høvelservice AS har starta med finpussen før legging av nytt kunstgras på Hellesylt stadion. Kunstgraset er venta rundt 20. juli.
Knut Dag Langeland i Sunnylven IL fortel at ABO Høvelservice AS starta arbeidet med å finplanere fotballbana på Hellesylt stadion torsdag denne veka.
Idrottslaget har grus og maskiner i beredskap om det skulle vere naudsynt å supplere med grus, seier Knut Dag Langeland.
Arbeidet har så langt gått som planlagt og det blir ikkje naudsynt å køyre til ekstra grus til toppdekke, seier høvelkøyrar Hjalti i ABO Høvelservice AS. Han reknar med at arbeidet vil vere ferdig denne veka.
Det er sett på lufttrykk på røyra som er lagt i bana til undervarme. Alt verkar å vere tett og uskada.
Langeland har fått stadfesta frå Bresco AS at det nye kunstgraset kjem til Hellesylt rundt 20. juli og at arbeidet med legging skal starte umiddelbart. Dermed tyder alt på at bana blir klar til kampar igjen i haustsesongen.
