Lokalnytt

Grøn Hellesylt stadion

Børre Bjørsvik t.v. og Anders Storeide gjer jobben med nytt kunstgras på Hellesylt stadion, som dei også gjorde i 2010
Børre Bjørsvik t.v. og Anders Storeide gjer jobben med nytt kunstgras på Hellesylt stadion, som dei også gjorde i 2010

Torsdag 19. juli starta arbeidet med å legge nytt kunstgras på Hellesylt stadion. Dagen etter var Hellesylt stadion grøn igjen, men regnver kan skape vanskar med å få fullført arbeidet.

Uveret i jula 2011 raserte den to år gamle og flotte kunstgrasbana på Hellesylt stadion. Også målbur, ballfangarnett og innbyttarbenkar vart knust av ekstreme vindkast.

Bana var ikkje forsikra, men etter mange månader med diskusjonar fram og tilbake vart den rydda med god hjelp frå fleire dugnadsgjengar i Sunnylven IL.

Ønskjer ikkje regn
Nytt kunstgras vart tinga, og torsdag kom trailer frå produsent i Nederland til Hellesylt med det nye dekket som er av det beste som blir produsert i dag.
Mannskap frå Moldefirmaet Bresco AS starta umiddelbart med finpuss av underlaget på bana og anna førebuande arbeid for legging.
Vel eitt døgn tok det for Børre Bjørsvik og Anders Søreide å gjere heile fotballbana grøn igjen. Deretter har det blitt lima skøytar og fått markeringslinjer på plass.
Om fire døgn kan fotballbana på Hellesylt stadion vere klar til bruk igjen. Blir det mykje regnver, kan det bli vanskar for liminga og dermed gå lenger tid, får vi opplyst.

Gjenbruk i ballbingen
Også i ballbingen ved Sunnylven skule blir det lagt nytt dekke. Det er restar frå ”gamlegraset” på Hellesylt stadion som blir skore til og lima i hop. Her er det medlemer frå Sunnylven fotball som gjer jobben. Etter planen skulle arbeidet bli ferdig denne veka.

Unge krefter får nytt kunstgras på plass i ballbingen. Frå høgre Øyvind Hole, Helge Tryggestad, Eivind Louis Helset, Trygve Aaland Tryggestad, Lars Jørgen Hole, Leif Rune Tryggestad.
Unge krefter får nytt kunstgras på plass i ballbingen. Frå høgre Øyvind Hole, Helge Tryggestad, Eivind Louis Helset, Trygve Aaland Tryggestad, Lars Jørgen Hole, Leif Rune Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380