Lokalnytt

Opera i Peer Gynt Galleriet

Fredag 27. juli blir det musikalske svisker, opplevingar i ord og tonar når medlemer frå Opera Nordfjord kjem til Hellesylt og Peer Gynt Galleriet.

Kari Standal Pavelich, Michal Pavelich, Olga Pavlova og Simon Standal Pavelich er alle knytt til operaen på Nordfjordeid.

I kunst og kultursenteret Peer Gynt Galleriet får publikum vere med på ei musikalsk reise som har vidspenn, frå Bach og Ole Bull, til argentinsk tango, gamaldansmusikk frå Nordfjord og musikalar frå Broadway, til kjende irske tonar og prisbeløna låtar av norske Rolf Løvland.

Alle dei fire aktørane har jobba ved Opera Nordfjord i fleire år.
20 år gamle Simon Standal Pavelich har kortast fartstid, men har hatt fullklaff i hovedroller både i Rent og Fame. I 2010 gjorde han suksess som Tore Andre Flo i fotballoperaen Norge – Brasil.

Fredag 27. juli kl. 19.00 er det intimkonserten i Peer Gynt Galleriet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380