Peer Gynt Galleriet med nettside

-

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt har snart klar si eiga internettside. www.peergyntgalleriet.no er linken som gjev mykje informasjon og kunst og kultursenteret.

Nettsida ligg no på nett med ein god del informasjon. Ein del arbeid står att før den er klar som ferdige produkt.
På nettsida kan ein lese om staden Hellesylt, om Peer Gynt Galleriet og om kunstnaren og kunsten som Oddvin Parr skapte.
Også mykje anna informasjon blir tilgjengeleg, som opningstider, arrangement, konsertar og utstillingar.
Skriftspråket blir nynorsk, og innhaldet blir oversett til tysk og engelsk.
Det blir jobba med å gjere www.peergyntgalleriet.no ferdig.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380