Ryddar på badestranda til Sommardagar

-

Over alt på Hellesylt blir det rydda til Sommardagar komande helg. Også ved badehuset på badestranda er det behov for opprydding og styret kallar inn til dugnad onsdag 4. juli frå kl. 16.00.

Badehuset på Hellesylt er under restaurering. Mykje arbeid er gjort, men mykje står att. Også på land og i sjøkanten ved badestranda er det behov for ei oppussing.

Difor kallar badehusstyret inn til dugnad og freistar med både grillmat og andre go`saker i løn.
Frå kl 1600 onsdag vil det bli servert pølse m / brød og saft, så ta med heile familien etter arbeid, er oppmodinga. Det vil vere varme grillar, så ein kan også ta med annen grillmat sjølve.

Arbeidsoppgåvene under dugnaden er: Klippe gras/rake, grave ut trinn i troppa opp mot plenen. Rydde tang og restar etter rivinga. Rive resten av golvborda rundt huset og montere nye. Bygge nye tropper opp til taket.

Om du har kan du gjerne ta med rive, spade, greip, brekkjern og skrumaskin. Møt opp til sommarpuss på badestranda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380