Storfiskarar frå Hellesylt

Storfiskarar på Hellesylt, frå venstre Magnus Espe og Rolf Matvik. (Foto: Guro Korsbrekke)

Storfiskarar på Hellesylt, frå venstre Magnus Espe og Rolf Matvik. (Foto: Guro Korsbrekke)

Rolf Matvik og Magnus Espe fekk båten full av långe og brosme då dei sette line i Geirangerfjorden. To store långer vog 20.0 og 14.5 kilo.

Det vart biltur rundt til slekt og kjenningar med fisk for Rolf Matvik og Magnus Espe måndag kveld. Totalt tok dei i land nær 300 kilo av långe og brosme.
Større linefangst har dei to sjeldan opplevd å hale om bord sjølv om det har blitt mange fisketurar på fjorden gjennom åra.

Dagens fangst er mellom dei største, seier Rolf Matvik. Lina var på 300 onglar med makrell som agn. Kvar den rike fiskeplassen var vil ikkje storfiskaren røpe, anna enn at det var i Geirangerfjorden.
Etter spanderrunden måndag kveld hadde dei igjen 100 kilo sjølve som skulle lettsaltast, eller bli til fiskekaker.

Den største långa hadde vore døden nær tidlegare, fortalde Rolf. Rundt fisken bak hovudet var det vakse inn restar etter garn i fiskekjøtet, men då hadde fiske kome seg laus.
Måndag vart den store fisken fanga på lina til Rolf og Magnus, og til ei siste reise til Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380