Visekveld med Olav Elling Gausdal.

-

Visesongaren Olav Elling Gausdal frå Hellesylt har gjeve ut si første musikkplate, ein CD med femten sjølvskrevne låtar. Fredag kveld spelar han på Peer Gynt Galleriet.

”Ei sjel og ei skjorte” heiter CD-en der Olav Elling Gausdal står for både tekst og melodi til femten songar. Visesongaren som er oppvaksen på Hellesylt, bur og jobbar i Ålesund, men har alltid hatt gitaren og songen som sin store hobby. Stadig er han på farten og spelar på mindre arrangement saman med gode musikkvener.

-Eg vart tidleg interessert i musikk, spesielt gitar og irsk-inspirerte tonar-, fortel Olav Elling Gausdal.
-Det starta vel i musikktimane på Sunnylven skule med Bjarne Sjåstad som lærar. Vi laga eige band og underheldt når vi vart spurde om det. Seinare har gitaren og visesong blitt min beste hobby-.

Olav Elling Gausdal har laga eigne vise dei siste 15 – 20 åra. I 2006 bestemte han seg for å gje ut ein CD av dei beste, og no er den i sal.
Ein av songane, ”Vind i håret” vart spela på P1 i Norsk på Norsk sist søndag.

Fredag 20. juli spelar Olav Elling Gausdal på Peer Gynt Galleriet. Saman med seg under intimkonserten på Hellesylt har han Stig Ulvestad frå Ørsta.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380