Lokalsport

Damelaget gjesta Hornindal

Damelaget Sunnylven/Stranda spela treningskamp i Hornindal på vertane si nye kunstgrasbane onsdag. Det vart 5-0 siger og ei solid gjennomkøyring før serieopning mot Ørsta 22. august.


Sunnylven/Stranda stilte eit sterkt mannskap i treningskampen sjølv om sentrale spelarar som Jannicke Gjerde, Linda Vågseter og Sandra Kammen mangla.
Likevel vart det klar 5-0 siger til trenar Hans Hole sitt mannskap.
-Ein solid gjennomført kamp sjølv om vi bytta mykje ut over i andre omgang slik at alle fekk speletid, seier Hole.

Stine Fivelstad opna skoringskontoen med både 1-0 og 2-0. Det var også pauseresultatet.
I andre halvdel la Marthe Slettebak på til 3-0, før Kirsti Frøysadal Hauge donka inn 4-0 og 5-0.
Hornindal som lånte Lillian Aasheim av Sunnylven/Stranda som målvakt i kampen, fekk tildelt straffespart heilt mot slutten, men lukkast ikkje med nettsus då heller.

Sunnylven/Stranda sitt lag:
Christina Holmberg, Linn Kammen, Tina Jøsok, Marte Slettebak, Anne Lise Lødøen Helset, Anniken Hjellbakk Hole, Eline Langlo, Ellen Marie Hole, Inga Nybø Vik, Kirsti Frøysadal Hauge, Stine Fivelstad.
Innbyttarar:
Liv Hilde Vågseter, Randi Grønningseter, Marte Lundanes, May-Helene Hole, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Malin Rise.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380