Damelaget vann i Brattvåg
Sigersrekka held fram for Sunnylven/Stranda sitt damelag. Onsdag vann laget 3-0 over Brattvåg på bortebane, to mål i første og eitt i andre omgang.
Brattvåg har mange gode spelarar og eit godt lag. Onsdag vart det likevel ikkje godt nok mot Sunnylven/Stranda, det nest beste laget i 3.div kvinner, det fekk Brattvåg merke tidleg på ei ny, flott kunstgrasbane heime. Alt etter tre minutt låg første ball i nota til Brattvåg. Ein retur sette Lena Gjerde sikkert i mål.
Spelet i første omgang bølga fram og tilbake der Sunnylven/Stranda hadde dei klart største sjansane. Og etter 44. minutt vart Kirsti Frøysadal Hauge felt og klar straffe. Den sette Anne Lise Lødøen Helset vakkert i mål.
Ti minutt ut i andre halvdel ordna Kirsti Frøysadal Hauge nok ei skåring til Sunnylven/Stranda og 3-0. Då var kampen avgjort og alle poenga reiste langt inn i Storfjorden.
Vi var gode, alle kjempa for kvarandre som eit lag, vi produserte sjansar i stort antall med stang -og stolpeskot, så vi kunne ha vunne kampen meir med litt flaks. Vi er gode over alt, vi held tett bakover og vi er gode på topp for vi lagar mål, difor vinn vi kampar, seier trenar Hans Hole.
Det ”luktar” opprykk av Sunnylven/Stranda. Laget ligg eitt poeng bak Herd på tabellen.
Onsdag vann Spjelkavik 6-2 over Ørsta.
Brattvåg – Sunnylven/Stranda 0-3 (0-2)
Mål Sunnylven/Stranda: Lena Gjerde 3, Anne Lise Lødøen Helset 44 str., Kirsti Frøysadal Hauge 55.
Sunnylven/Stranda sitt lag:
Lillian Aasheim, Kjellaug Lied, Linda Vågseter, Gro Mari Langleite, Anniken Hjellbakk Hole, Jannicke Gjerde, Marte Lundanes, Linn Kammen, Lena Gjerde, Stine Fivelstad, Kirsti Frøysadal Hauge.
Innbyttarar:
Anne Lise Lødøen Helset, Inga Elise Vik, Malin Rise, Tina Jøsok, Randi Grønningseter, May-Helene Hole.