
Peer Gynt Galleriet på Hellesylt runda ti år 1. juni i år. Laurdag var det jubileumsfest der bygdefolk og andre tilreisande fylte galleriet i kunstsenteret og fekk oppleve Toralv Maurstad og andre dyktige aktørar i eit flott festprogram.
Peer Gynt Galleriet på Hellesylt vart reist først og fremst for å huse elleve relieffbilde frå Henrik Ibsen sitt store drama Peer Gynt, skore av kunstnaren Oddvin Parr
Arrangøren hadde sikra seg gode Peer Gynt-tolkarar, både i song, musikk og i verbal utfoldelse, og med bilda som kulisser vart det ei verdig markering.
På lista over gode kapasitetar var skodespelar Toralv Maurstad, distriktsmusikar i Sogn og Fjordane, Tone Støylen Holgersson, og Hellesylt si eigen songstjerne Kristin Storstein.
Jubileumsfesten samla fram mot 150 personar, både bygdefolk og tilreisande.
Tone Støylen Holgersson opna programmet med musikk frå Peer Gynt av Edvart Grieg, før festleiar Geir Frøysa presenterte hovedgjesten, skodespelar Toralv Maurstad.
Som Per Gynt-tolkar på nasjonale scener heilt tilbake til 1954 har berømte sitat frå dramaet ”spikra” seg fast hos den profilerte scenekunstnaren, det vart ein liten time som fenga.
Deklamerte scener
-Peer har inga scene, men han brukar heile bygda som publikum. Han brukar fantasien, men av og til går det i surr for Peer, kva som er verkeleg og kva som er fantasi-, sa Maurstad.
Laurdag vart det mange korte utdrag frå Peer Gynt, frå opningsscena, bokkerittet, bruderovet og bryllupet på Hægstad.
Til toner frå Tone Støylen Holgersson avslutta Toralv Maurstad sin monolog med ”mor Åse`s død” der Peer og mora rir inn i evigheita på hesten Grane. Ei av dei vakraste scener som er skrive, meinte Maurstad.
Det vart både bravo-rop og lang applaus etter forestillinga for den 86 år gamle skodespelaren som snart er på plass igjen på Nasjonalteatret. Der ventar stykket ”Sokrates forsvarstale.”
Vakker song
Kristin Storstein er kjend for si vakre songrøyst. Laurdag bidrog ho på nytt på ein flott måte i det gode programmet.
Saman med Tone Støylen Holgersson på piano song ho først Solveig`s song, og til slutt Ved Rondane med tekst av Aasmund Olavsson Vinje.
Ikkje Ørsta, men Hellesylt
Programleiar under 10-års jubileet var Geir Frøysa.
I eit attersyn fortalde Frøysa om korleis og kvifor Hægstad Gård vart reist på Hellesylt.
Martin Engeset frå Ørsta tinga fem relieffbilder av Oddvin Parr for å få reist eit kunstgalleri i Ørsta.
Det vart det ikkje noko av, så då dukka ideen om å reise eit kunstsenter på Hellesylt opp.
1. juni 2002 stod senteret ferdig og vart offisielt opna av skodespelar Jon Eikemo saman med kunstnaren Oddvin Parr.
I jubileumsåret skifta kunst og kultursenteret eigarar og namn til Peer Gynt Galleriet. Ein aksjon frå bygdefolket hindra at senteret vart lagt ned og kunsten flytta frå bygda.
Jubileumsfesten på Peer Gynt Galleriet vart avslutta med servering av hovedrett, dessert og kaffi.



