Gull til Trygve Aaland Tryggestad

Norsk meister i skogsløp junior, Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven skyttarlag.

Norsk meister i skogsløp junior, Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven skyttarlag.

Trygve Aaland Tryggestad vart norsk meister for junior i skogsløp under Landsskyttarstemnet på Voss tysdag.

Junioren Trygve Aaland Tryggestad representerer Sunnylven skyttarlag og sikra seg gullmedalja etter eit godt gjennomført løp både i skyting og i løpstid.
29/17 fekk han notert i skyting og løpstida var 11.42 min. Med 30 sek. tillegg for det eine bomskotet vart totaltida 12.12.

Tryggestad var 46 sek. før sølvvinnaren Ole Kristian Finvåg, Fosen, og 58 sek. før bronsevinnar Thomas Finvåg, Bjerkvik.
Egil Glomset, Stranda vart nr. 7.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380