Håper på fullt på jubileumsfest

Vertskapet håper på fullt hus, 120 personar under jubileumsfesten ved Peer Gynt Galleriet laurdag.

Vertskapet håper på fullt hus, 120 personar under jubileumsfesten ved Peer Gynt Galleriet laurdag.

Ti-års jubileet for kunst og kultursenteret Peer Gynt Galleriet på Hellesylt blir halde komande laurdag 25. august i kunstsenteret sine lokale.

Det fyllest opp med påmelding fortel dagleg leiar Randi Sæter ved Peer Gynt Galleriet.
Framleis er der ledige plassar så sjølv om fristen for påmelding var 20. august kan folk framleis sikre seg plass til ei minnerik markering, seier ho.

-På grunn av servering av hovedrett med dessert som inngår i billettprisen på 300.- kroner må vi ha påmelding, presiserer Randi Sæter.

Festen er laurdag 25. august kl. 19.30 og på plakaten for programmet under jubileet er fleire kjende personar og dyktige aktørar på sitt felt.
Skodespelar Toralv Maurstad blir å høyre også denne gongen som for ti år sidan der han deklamerer frå dramaet Peer Gynt, det blir song av Kristin Storstein akkompagnert på piano av fylkesmusikar i Sogn og Fjordane, Tone Støylen Holgersson, og programleiar Geir Frøysa kjem med attersyn frå planlegging og bygging av kunst og kultursenteret.

Påmelding til ti-års jubileet for Peer Gynt Galleriet på tlf. 950 13 170

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380