Klare til seriestart.

Henning Frøysa spela ein god kamp mot Åmdal og var nær ved å skåre mål då laga møttest i april. Kanskje lukkast han måndag.

Henning Frøysa spela ein god kamp mot Åmdal og var nær ved å skåre mål då laga møttest i april. Kanskje lukkast han måndag.

Sunnylven sitt herrelag er klare til kamp borte mot Åmdal måndag. Rett nok har laget sentrale spelarar på skadelista, men lovar kamp om poenga mot serieleiaren i 6. div. likevel.

Treningane før haustsesongen har gått som planlagt etter at Hellesylt stadion vart speleklar igjen i slutten av juli. Trenar Jens Arve Forbord har fått Markus Forbord i tilgang frå vårsesongen, og i mål er Eirik Stenberg klar.
Olav Erling Aaland er framleis ute med skade, det same er Helge Tryggestad til første haustkamp, men elles er troppa god med mykje rutine.

Jens Arve Forbord er optimist med tanke på opprykk. At laget har dei sju siste kampane på heimebane er ein klar fordel og som Sunnylven kan drage nytte av i poengjakta.
Sunnylven tapte vårmøtet mot Åmdal 1-3 på Stranda stadion. Målskårar for Sunnylven var Helge Tryggestad. Returmøtet måndag går på gras, Legene, Åmdal kl. 19.30.

Dugnad på stadion
Laurdag 11. august er det dugnad på Hellesylt stadion, opplyser fotballeiar Steinar Hjelle.
Det skal ryddast rundt om på stadion, nye mål er komne og skal monterast med nett og hjul, og reklameskilta skal flyttast frå grusbana til stadion.
Hjelle håper mange stiller på dugnad laurdag.

Første seriekamp på Hellesylt stadion er i 6. div. mellom Sunnylven og Tjørvåg måndag 20. august kl. 18.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380