Lokalsport

Snart fotball på Hellesylt stadion

Hellesylt stadion er klar til bruk for fotballkampar igjen.
Hellesylt stadion er klar til bruk for fotballkampar igjen.

I slutten av juli vart Hellesylt stadion sett i stand etter naturskaden sist jul. Snart er seriefotballen i gong med mange heimekampar, spesielt for herrer senior i 6. divisjon.


Herrelaget spela dei aller fleste kampane på bortebane i vårsesongen. Laget ligg på 3. plass på tabellen med 20 poeng etter 10. kampar.
Åmdal er på topp, 13. kampar og 26 poeng, føre Hareid 2. med 24 poeng etter 11 spela kampar.

Herrer 6. div.
No ventar ein bortekamp mot Åmdal måndag 13. august, men deretter er det berre oppgjør på heimebane for herrelaget. Heile sju kampar som er:

Måndag 20.08 kl. 18.30: Sunnylven – Tjørvåg.
Måndag 27.08 kl. 19.30: Sunnylven – Hareid 2.
Laurdag 01.09 kl. 13.00: Sunnylven – Moltu/Gjerdsvika.
Måndag 10.09 kl. 18.15: Sunnylven – Sæbø.
Måndag 17.09 kl. 18.30: Sunnylven – Haddal.
Søndag 23.09 kl. 15.00: Sunnylven – Kvamsøy/ÅVK.
Søndag 30.09 kl. 15.30: Sunnylven – Larsnes/Gursken 2.
Trenar for Sunnylven herrer er Jens Arve Forbord.

Damer 3. div.
Samarbeidslaget for damer, Sunnylven/Stranda spelar i 3. div. Laget hadde ein sterk vårsesong og ligg på andre plass på tabellen med 18. poeng, fire bak Herd som leiar.
På dei neste plassane kjem Brattvåg og Volda 2. begge med 13 poeng.

I motsetnad til herrelaget spela damelaget fleire kampar heime på Stranda stadion i vårsesongen. No står tre heimekampar igjen som er:

Onsdag 22.08 kl. 19.00: Sunnylven/Stranda – Ørsta, (Hellesylt stadion)
Onsdag 05.09 kl. 19.00: Sunnylven/Stranda – Spjelkavik, (Stranda stadion)
Onsdag 26.09 kl. 19.00: Sunnylven/Stranda – Volda TI 2. (Hellesylt stadion)
Trenar for samarbeidslaget Sunnylven/Stranda er Hans Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380