Stort distrikt for prestevikar

Morgan Berg har sommarjobb som prestevikar i Sunnylven og Geiranger.

Morgan Berg har sommarjobb som prestevikar i Sunnylven og Geiranger.

Morgan Berg frå Oslo har sommarjobb som prestevikar i Sunnylven og Geiranger. Etter kvart fekk jobben langt vidare omfang med gravferd og gudstenester både i Skodje og Valldal. Søndag 19. august sluttar han av med gudsteneste i Sunnylven kyrkje.

Morgan Berger har tre år igjen av studiane ved Menighetsfakultetet. Han kom til Hellesylt frå sommarjobb i Fosen prosti ved Trondheim tidleg i august. No har han farta rundt på jobb over store deler av indre Sunnmøre, til Sykkylven, Skodje og komande søndag gudsteneste i Sylte kyrkje i Valldal.

Å kome til ein ny stad og møte framande er alltid spanande, spesielt når ein ikkje kjenner folk og natur. Men sommarjobben har gått bra, synest han.
Det som har vore vanskelegast har vore å framføre liturgien på nynorsk, noko han er forplikta til i dette prostiet.

Som ferdig utdanna prest vil Morgan Berg søkje stilling i ei middels stor menigheit. Før tenkte han alltid på jobb i ein by, men etter kvart har jobb på ein halvstor stad også frista. Kanskje ein stad som Hellesylt, seier han.

Då han fekk tilbod om vikarjobb ønska han seg til Sunnmøre. Her har han vener frå mellom anna Hareid, han likar sunnmøringar, seier han.

Berg synest Sunnylven har ei vakker kyrkje og eit godt kyrkjeorgel. Han håper å bli ein brukbar organist, men til så lenge er songstemma betre, seier 28-åringen som syng tenor i Oslo Domkor.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380