
Etter at skadane av den ”sinte” dama Dagmar er utbetra, er det klart for seriekamp 6. div. mellom Sunnylen og Tjørvåg på Hellesylt stadion måndag. Laga er naboar på tabellen med Sunnylven på tredje og Tjørvåg plassen bak.
Tjørvåg var sterke før ferien med sigrar over både Moltu/Gjerdsvika og Sæbø.
I haust fekk dei ein dårleg start med tap 0-1 for Haddal.
I vår vart det tap også for Sunnylven på heimebane med 0-1.
Måndag kjem laget til Hellesylt for å få revansj, vil vi tru. Om dei greier det veit vi 90 minutt etter avspark kl. 18.30.
Tjørvåg med 16 poeng ligg på fjerde plass, bak Sunnylven som har 23.
Vi trur det blir eit sjåverdig oppgjør så møt fram, må vere oppmodinga til publikum.
På Hellesylt stadion er alt klart for første serieoppgjør i 2012 med både kiosk og speakerteneste.